Søknad om løyve etter forureiningsforskrifta frå Engebø Rutile and Garnet AS for tiltak i sjø ved Engebø i Sunnfjord kommune
- Høyringsfrist:
- 17. oktober 2023 23:59
Engebø Rutile and Garnet AS søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø ved gards- og bruksnummer 431/3, 431/6 og 431/10 i Sunnfjord kommune.
Om tiltaket
Dei omsøkte tiltaka omfattar sprenging i sjø av ca. 1 300 m3 innanfor eit areal på ca. 215 m2 for å ferdigstille eit blandekammer i samband med etablering av prosesseringsanlegget på eigedomen. Dei utsprengde massane skal nyttast til å planere ut ei flate under vatn som skal anvendast til avgangssystemet til Engebøprosjektet.
Tidsperiode for planlagt gjennomføring av tiltaket er frå november 2023 til desember 2023.
Om søknad om løyve til tiltak i sjø
Løyve etter forureiningsforskrifta til tiltak i sjø vil mellom anna
- regulere korleis arbeidet med tiltaka i sjø skal utførast,
- kva avbøtande tiltak som skal nyttast og
- korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2022/11351. Frist for å gje fråsegn er 17. oktober 2023.
Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 17. oktober 2023 23:59
Dokument
- Søknad etter forureiningslova frå Engebø Rutile and Garnet AS for tiltak i sjø ved Engebø i Sunnfjord kommune
- Søknadsskjema - Søknad om tiltak i sjø - Engebøprosjektet
- No 1_Sweco 2023_Notat - vurdering av forurensning ved Engebø
- No 2_NIVA 2009 - Tilleggsvurdering knytta til strømforhold
- No 3_DNVGL 2014 – Marinbiologisk tilleggsundersøkelse i Førdefjorden
- No 4_DNV 2022 - Grunnvatnundersøking Engjabøneset preliminære resultater
- No 5_NIVA 2008 - Spredning av partiklar i overflatevatn
- No 6_Sweco (2022) - Miljørapport Sedimentundersøkingar Engebø
- No 7_Detaljregulering Engebø
- No 8_Regplankart_Engebø
- No 9_Vedtak om ettstegsløyve til grunnarbeid