Jordbruksforvaltning

Oppdatert 04.01.2024

Aktuelt stoff og saksbehandling til kommunal forvaltning innen jordbruk, jordvern, kart, eiendom og arealforvaltning.


Publisert 30.06.2020

Ny rettleiar for dispensasjonssaker etter plan- og bygningsloven kapittel 19

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har utarbeidd ein ny rettleiar for dispensasjonssaker etter plan- og bygningsloven kapittel 19. Rettleiaren er meint å vere ei hjelp til kommunane ved behandling av dispensasjonssaker, men kan òg vere til nytte for tiltakshavar, konsulentar og andre.


Publisert 30.06.2020

Meir statistikk i NIBIO sitt arealbarometer

NIBIO har kome med ein ny versjon av sitt web-baserte arealbarometer. Arealbarometeret gir oversikt over produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk samt korleis areala blir brukte.


Publisert 29.06.2020

RMP- viktige datoar

Vedlagt følgjer viktige datoar for søknadsomgangen 2019 og 2020.


Publisert 24.06.2020

Tilskot til drenering - Digital utbetalingsoppmoding

Digital utbetalingsoppmoding er no sett i produksjon. Teksten i vedtaksmalen for godkjenning av tilskot er også tilpassa betalingsoppmodinga. Tidlegare skjema for Anmodning og utbetaling av tilskot skal ikkje lenger brukast.


Publisert 23.06.2020

RMP - Endring om innlevering av søknad etter fristen

Frå og med søknadsomgangen 2020 er det endring i kap.2.2 Frist for innlevering.

I rundskriv 2020/19 står det no at dersom RMP / OBB søknaden blir leverte etter søknadsfristen, blir tilskotet redusert med 1000 kroner per dag inntil 14 dagar etter fristen sitt utløp. Det er viktig å understreke at det er tal dagar og ikkje vyrkedagar som skal brukast her.


Publisert 19.06.2020

Stadleg kontroll av uhausta avling

Kommunen må kontrollera all avling som ikkje kan haustast pga covid-19 (potet, grønsaker, frukt, bær og nokre veksthusproduksjonar). Det gjeld mangel på arbeidskraft ved innhausting.


Publisert 19.06.2020

Ny oppdatering av Agros for sjukdomsavløysing

Agros er oppdatert igjen. Det som er mest interessant for dykk som jobbar med tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv., er følgjande endring:


Publisert 19.06.2020

Høyring om forslag til endringar i forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket, Vestfold og Telemark

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark sender på høyring eit forslag til endringar av forskrift av 14. mai 2019 nr. 621 om regionale miljøtilskot i jordbruket, Vestfold og Telemark.


Publisert 16.06.2020

Ny kartløysing for RMP-tiltak

GIS- rådgivaren vår, Knut Sindre Vale, har laga ei kartløysing for RMP-tiltaka i 2019. Lenke til kartløysinga er lagt til høgre på nettsida for kommunal landbruksforvaltning. Kartløysinga er passordbeskytta. Felles brukarnamn og passord blir sende i ein e-post til kontaktpersonane for RMP i kommunane. Brukarrettleiing ligg til høgre i kartet.


Publisert 12.06.2020

Produksjonstilskot – nytt i fagsystemet

I fagsystemet eStil PT vart det gjort fylgjande endringar denne veka: