Jordbruksforvaltning

Oppdatert 04.01.2024

Aktuelt stoff og saksbehandling til kommunal forvaltning innen jordbruk, jordvern, kart, eiendom og arealforvaltning.


Publisert 23.03.2020

RMP-tilskot 2020

Vi hadde møte med representantar for faglaga, landbruksrådgjevinga, fylkeskommunen og kommunane førre veke. Det blir nokre endringar i RMP-tilskot i år.


Publisert 19.03.2020

Vi er opptekne av at landbruket skal få naudsynt arbeidshjelp i vekstsesongen

Situasjonen vi har i landet med utbrot av koronavirus, har ført til at mange tiltak er sett i verk av nasjonale styresmakter for å hindre rask smittespreiing. Dette gjer at det no er vanskar med å skaffe seg utanlandsk arbeidskraft som mange bønder nyttar til planting og innhausting.


Publisert 18.03.2020

Praktisering av dispensasjon når føretak har lagra, men ikkje sendt inn søknad om produksjonstilskot

Landbruks- og matdepartementet har avgjord at det er grunnlag for å praktisere søknadsfristane meir lempeleg, for perioden frå nytt søknadssystem eStil-PT vart innført i mai 2017 og fram til den nye meldingstenesta med SMS-varsel til søkjer vart teke i bruk i 2020.


Publisert 17.03.2020

Informasjon om produksjonstilskot og koronavirus

Som følgje av utbrotet av Covid-19 (koronaviruset) og den ekstraordinære situasjonen vi no står i vil Landbruksdirektoratet informere om følgjande:


Publisert 17.03.2020

Viktig informasjon til kommunal landbruksforvalting

Informasjon sendt på e-post til kommunane i dag.


Publisert 17.03.2020

Til dykk som jobbar med tilskot til sjukdomsavløysing mv. og med tilskot til landbruksvikararbeid

I desse tidene er tilskot til avløysing av jordbrukarar ved sjukdom og fødsel mv. og tilskot til landbruksvikararbeid dessverre svært aktuelle tilskotsordningar. Det er derfor viktig at vi held god kontakt framover. Landbruksdirektoratet vil også peike på viktigheita av ei velfungerande landbruksvikarordning lokalt. Vi ber de derfor til å ha løypande dialog med avløysarlaga om situasjonen.


Publisert 13.03.2020

Påminning om søknadsfrist for produksjonstilskot

­Torsdag 12. mars vart det sendt ut påminning om søknadsfristen for produksjons- og avløysartilskot. Påminninga vart send ut til alle føretak som søkte om produksjonstilskot i 2019 og som ikkje har levert søknad del 1 2020 enda.


Publisert 13.03.2020

Kartløysingar tilgjengeleg for kommunar og andre aktørar

Her på sida har vi lagt ut 3 kartløysingar til bruk for kommunar og andre aktørar. Det kan komme fleire kartløysingar etter behov. Under er lista opp dei ulike løysingane.


Publisert 13.03.2020

Presentasjonar frå kompetansesamlinga om RMP-tilskot

Presentasjonane frå kompetansesamlinga om RMP-tilskot er lagt ut under kompetansesamlingane. Den etterlyste oversikta for RMP-tilskot kommunevis i 2019 samanlikna med 2018 ligg saman med foredraga.


Publisert 12.03.2020

Kurs i verdsetting av landbrukseigedom etter konsesjonsloven 22. april er AVLYST og utsett til hausten

Med bakgrunn i situasjonen med Koronavirus og eit ønskje om å redusere all aktivitet for å hindre hurtig spreiing av viruset, har vi bestemt oss for å avlyse kurset om verdsetting av landbrukseigedom den 22. april. Vi ønskjer å gjennomføre kurset til hausten, og vi kjem tilbake med meir informasjon då.